SPZ Seilmakeren Doublehanded 2020

Årets doublehanded-komite kryssar fingrane for at vårens tøffaste, og ikkje minst flottaste regatta, kan gå som planlagt siste helga i mai. Regattasida er publisert og påmeldinga er opna.

 

Kor lenge unntaktstilstand og restriksjonar vil vara veit me pr. i dag lite om – men at ting tar tid før samfunnet er oppe og går, er nok ganske sikkert. Likevel, me gjer vårt beste og står klar til å gjennomføra den 16. utgåva av vår tradisjonsrike regatta på best mogleg måte!

Regattaen går framleis i kjende farvatn for dei fleste vestlendingar. Me seglar sørover frå starten ved Askøy, med runding av Ramsholmane på Sletta og til slutt målgang i Lerøyosen. Regattaen er difor litt kortare enn då han gjekk til Haugesund, og før det Florø – men likevel tøffare då ein ikkje får kvila i pitstop. Me håpar og trur at det er mange erfarne og gode seglarar som her vil visa seg fram. 

Endå kjekkare vert det når me får med seglarar får aust-, sør- og nordvestlandet i denne flotte seglasen!

Nytt for året er at starten er flytta til laurdag sidan det er pinsehelg. Slik håpar me at det vert enklare for båtar litt lenger unna å vera med – og dermed fleire båtar på startlinja. 

I tillegg til dette er det opna for ein klasse med fullt mannskap – og at dette då inngår i Vestlandcupen. Så no er det sjans for fleire å delta i denne flotte seglasen!

Praktisk informasjon: Me satsar på at “coronastormen” er ridd av i løpet av mai. Uansett så fylgjer me generelle retningslinjer frå styresmaktene og ellers føringar frå Norges Idrettsforbund. Det vil og seia at om dette vert langvaring og me ikkje kan gjennomføra seglasen, så vil startkontigent verta refundert. 

Så meld deg på i dag – og start førebuingane til vårens flottaste seglas! 

PÅMELDING PÅ REGATTASIDA HER.

Fylg og regattaen si eige facebookside HER. 

Velkomen!

Helsing doublehanded-komiteen ved arrangementsansvarleg Trond N.Berntsen