Vel blåst årsmøte!

Årsmøte i Askøy Seilforening vart halde på Askøy Seilsportsenter torsdag 20.februar 2020 – og Håvard Kvalvik Berge er no ny styreleiar.

 

Årets årmøte gjekk av stabelen med eit moderat oppmøte, med under 40 stemmeberetta medlemer. Me skulle ynskt at fleire møtte opp for å ta del i, og vera med på å bestemma retningslinjer for foreninga.

Men sjølv om det ikkje var så stort oppmøte, så vart det gode diskusjonar rundt årets budsjett, organisasjonsplan og arbeidprogrammet. Årsmøtet kom med nokre relevante korrigeringar på program for 2020 som det nye styret kan arbeida med i tida framover. Årsmelding, rekneskap, arbeidsprogram og budsjett vart godkjend – og desse finn du i ved å logga deg inn på di side i x-marina.

Som vanleg er det nokre som takkar av og nye kjem til i eit styre. Ut av styret gjekk Anne R. Salbu, Finn Espeseth, Arne Pettersen og Helge Asperheim. Me takkar dei for godt arbeide i tida dei har vore styremedlemer. 

Valkomitéen si innstilling til nytt styre vart teke til fylgje, det same med styret si innstilling til ny valkomité. Det mest gledelege var at det i 12.time kom på plass ein ungdomsrepresentant til det nye styre.

Styret i Askøy Seilforening ser no slik ut: 

  • • Leiar: Håvard Kvalvik Berge
  • • Nestleiar, merkantil: Runar Ulriksen
  • • Nestleiar, sport: Chris Skogen
  • • Styremedlem sport: Trond N. Berntsen
  • • Styremedlem sport: Marit Dempsey (ny)
  • • Styremedlem merkantil: Torbjørn Halvorsen (ny)
  • • Styremedlem merkantil: Steinar Dahle
  • • Styremedlem merkantil: Jonas Paulen (ny)
  • • Styremedlem ungdomsrepresentant: Karl Emil Haugen (ny)
  • • Varamedlem merkantil: Agnete Skog (ny)

Så snart protokoll frå årsmøte er godkjent og signert, så vert den lagt ut i x-marina.