Vel blåst NM 2019 Melges 24!

Årets NM for Melges 24 i regi Askøy Seilforening gjekk av stabelen i månadskiftet, ei langhelg der me fekk det meste av uberekneleg vestlandsver! Men for ei helg me fekk, der me trass verutfordringane fekk gjennomført mesterskapet på ein god måte – og der me hadde 26 båter på startlinja, av desse 1 frå Tyskland og 1 frå Storbritannia! 

 

“OPPSUMMERING” frå Melges-klubben; 

Hadde ein for nokre år sidan sagt at ASF skulle arrangera NM for Melges 24 og at me skulle ha nesten 30 båtar på startlinja, ja så hadde nok mange lurt på om dette kunne vera realistisk. Det vart det, og for eit mesterskap! Me fekk 26 båtar på linja og med det så bidreg mesterskapet med å sikra vidare NM status.  

ASF har gode forutsetningar for å ha slike arrangement. Med eit full operativt klubbhus og ei god havn fekk seglarane dei rammene dei treng for å ha eit flott mesterskap på sjøen. Dei fleste seglarane budde og hadde all mat på seilsportsenteret. Dette gjorde mesterskapet til ein suksess! 

Hauglandsosen viste seg fra ei varierande side under mesterskapet. Sterk vind med kraftig bygeaktivitet gav ikkje regattasjef Ole-Jørgen Michelsen noko gratis. Etter vindkast på 23 m/sek, i tillegg til kraftig nedbør, vart fredagens segling avlyst etter 1 seglas. Laurdagen blas og vekk i vinden – og seglarane vart klokeleg nok haldt til kai heile dagen. På søndagen fekk me 4 seglasar som då gav ein gyldig serie og verdige vinnarar av årets NM / Open Norwegian Championship. 

Vinnaren NOR 751 STORM CAPITAL SAIL RACING med Peder Jahre til roret vart ståande med 3 stykk andre plassar og siger i siste seglas, 7 poeng. Han og laget hans har vunne fleire mestersterkap tidlegare, så det var ikkje uventa at desse kjempa i toppen og drog sigeren i land. Men dette mesterskapet er nok det mest utfordrande så langt. Ein sterk prestasjone frå eit svært godt lag. 

Sølvmedalja gjekk til NOR 732 RETT RUNDT HJØRNE med Herman Horn Johannessen på pinnen med 12 poeng. Dei har og vunne før – og har lege i teten lenge. 

På tredjeplass overall kom GBR 822 BLACK SEAL, med Jamie Lea på roret. Dei var kun eit fattig poeng frå andreplassen. Bronsemedaljen i NM gjekk til NOR 628 NORTEK SAILING TEAM med Jon Aksel Mortensen på roret. Dei avslutta med ein andre plass som gav den siste medalja i mesterskapet. Beste lokale båt ble NOR 808 HTB RACING med Jens Altern Wathne på roret på 8 plass.

Tilbakemeldingane frå seglarane er mange, og dei aller fleste positive. Ver og føreforholda er det vanskeleg å gjera noko med. I feltet var det fleire jenter som var med NOR 745, eit lag med seglarar under 30 år. Feltet hadde mange båtar som har starta i Javacup dei siste åra –  og 26 båter til start vitner om langsiktig arbeid for å bygga opp klassen.

Til slutt vil eg takke alle de frivillige fra ASF som stilte opp for å arrangera dette mesterskapet. Spesielt vil eg trekke fram Jan Rune Hopland som prosjektleder, Ole-Jørgen Michelsen som regattasjef, Chris Skogen som havnesjef og Ove Flatnes som kjøkkensjef. Mange fleire har bidratt til at dette skulle bli ein realitet. På vegne av foreningen har eg uttrykt interesse for å arrangere eit nytt mesterskap i 2022 i ASF, men aller først skal me evaluera mesterskapet me nettopp har gjennomført – slik at me ser kva me kan bli betre på og få to strekar under det økonomiske.

Tusen takk til alle seilere som deltok i årets Norske Mesterskap!

- Jens A. Wathne – 

Regattasjefens synspunkt; 

ASF har arrangert mange store mesterskap i segling, seinast VM i Yngling. NM i Melges hadde imidlertid ein teknisk og nasjonal profil, i og med at mange av dei beste og mest profilerte seglarane og laga i landet var representert. Dessutan var det blandt seglarane også mange med lang erfaring som arrangørar og dommarar. Lista låg difor på mange måtar høgare for ASF på dette mesterskapet enn på lenge. For å laga ei lang historie kort, så kom ASF godt ut av mesterskapet – og har hausta mange lovord for fasilitetane og arrangementet. Mange av seglarane seier dei er imponert over anlegget vårt og kjem gjerne tilbake, noko som berre kan tilskrivast dei store mengdene med dugnadstimar som er lagt ned av frivillige denne ovale helga.

Når arrangementet no er ferdig og seglarane har reist heim, så starta det heller kjedelege etterarbeidet med evaluering. Alt gjekk langt frå knirkefritt og me har mange fleire områder som me må bli betre på. Veret gjorde at me på fredagen fekk store problem med sikkerheit på banen. Brå, kraftige råser på over 20m/s medførte kullseilinger og masteknekk, samt seglarar i sjøen ved fleire anledningar. Kombinert med dårleg utstyr og kommunikasjon på VHF, kunne dette fort ha gått gale – trass i at banemannskapa gjorde det dei kunne for å hjelpa til. Med seinare arrangement må me difor ha eit mykje betre sikkerheitsopplegg på bana enn det me hadde denne gongen.

Mykje ver gjorde det og utfordrande å legge start- og mållinje, samt å halda start-/målfartøy i rett posisjon. Dette gjorde arbeidet med måltaking og resultatberekning vanskeleg, noko som me vanlegvis har god kontroll på. 

I ettertid arbeider me no med å laga ein betre prosedyre for så store arrangement, slik at ting kan dimensjonerast etter kva type arrangement – og moglege verforhold. Dette krev imidlertid at me har nok folk med erfaring ved ulike verforhold. Dette er ei stor utfordring ikkje berre hjå oss, men hjå dei fleste seilforeningar. Korleis me skal løyse dette er no ein diskusjon, og her må medlemmene våre engasjere seg. Me har rom for alle som vil bidra til regattagjennomføring.

- Ole-Jørgen – 

 

No har me fått “landa” nokolunde etter årets Open Norwegian Championship for Melges 24 klassen! Mykje planlegging- og førebuingsarbeid i lang tid i forkant for mange. Kjekke, men hektiske dagar under sjølve arrangementet, men det sluttar ikkje der, det er mykje å gjera etterpå og – både med den eine og andre delen.

Heimesida her, arrangementssidene, er no oppdatert med mange bilete og videoar – og me har fått lasta opp ein haug med bilete i fleire album på facebooksida vår. Bilete tatt av Piret Salmistu (den internasjonale klasseklubben) og av Giske Berland (ASF/gb-design) er og å finna i betre oppløysing på Flickr. Lenkene til desse finn du her. 

- Giske –