Vel blåst SPZ Seilmakeren Doublehanded 2019!

Fredag 24. mai gjekk startskotet for den 15. utgåva av vår tradisjonsrike doublehanded-regatta, SPZ Seilmakeren Doublehanded. I år fekk me ein regatta der deltakarane fekk oppleva det meste av ver og vind, men seglarane var som vanleg like blide, om enn trøytte, då dei kom i mål laurdag. 

 

Då startskotet gjekk fredag i Hauglandsosen i strålande sol, så var det 34 båtar på startlinja – klar for ein tøff regatta med segling nonstop Askøy – Ramsholmane / Sletta og tilbake til Lerøyosen, Klokkarvik.  

Under heile regattaen vart livefeed oppdatert på regattasida, her var/er og link til trackinga – så alle som ville kunne fyljga båtane undervegs. Dette er “sakte-TV” som mange set pris på – og som gjer at regattaen vert ekstra kjekk å fylgja for familie, venner, andre seglinteresserte og ikkje minst for seglarane sjølve, som kan fylgja med korleis dei ligg an i regattaen. . LINK til LIVEFEED finn du HER.

Seglarane oppdaterte og instagram undervegs – og me fekk tilsendt bilder, video og rapportar undervegs som me la ut på livefeeden og facebooksida til regattaen . Sjekk gjerne ut #seilmakeren19 på instagram.

Fleire ASF seglarar utmerka seg sterkt også i år. I minste klasse kjempa CALLUNA, med Frode T.Haugland og Tor Lohne, lenge om 1.plassen. Til slutt enda dei på ein flott 2.plass. Tor mottok og det blå flagget for 6 gjennomførte seilmakeren-regatta. På 4. plass fekk me endå ein Askøybåt, nemleg NOVA med Kristian Bekkenes og Robin Ørnsrud.

I den største klassen låg ZEFYR med Petter Sørhaug og Stian Soltvedt lenge an til å hanka inn sigeren, men måtte til slutt sjå seg slått av Stavangerbåten ZORRO og Bergensbåten WINOCEAN, så det vart ein flott 3.plass. 

ALLE RESULTAT og trackinga finn du på regattasida her.

Her er ein liten video filma frå startbåten litt etter start.

Her er premievinnarane i den minste klassen; NR 1. X-FAKTOR, Harald Matland og Torkjell Tolo, NR 2. CALLUNA, Frode T.Haugland og Tor Lohne – Askøy Seilforening, NR 3. SITAREN, Terje Rise og Matthew Kallenberg, NR 4. NOVA, Kristian Bekkenes og Robin Ørnsrud – Askøy Seilforening

Her er premievinnarane i største klasse: NR 1. ZORRO, Thomas Robberstad og Per Haugen, NR 2. WINOCEAN, Carl Olav og Carl Johan Wickmann, NR 3. ZEFYR-3, Petter Sørhaug og Stian Soltvedt, NR 4. KRABBELURE, Henrik Wigers Larsen og Kim Kristoffersen, NR 5. LILLEFIX, Morten Sola og Bent Danielsen, NR 6. AMARYLLIS, Inge Andre Utåker og Stein Håvard Bergstad.