Vestland idrettskrets - informasjonsmøte

Vestland idrettskrets inviterer til DIGITALT INFORMASJONSMØTE om koronasituasjonen, TYSDAG 19.MAI kl. 18.00 – 19.30.

 

Vestland idrettskrets inviterer idrettsråd, særkretser/regioner og idrettslag til eit digitalt informasjonsmøte om koronasituasjonen tysdag 19.mai kl. 18.00 til 19.30.

Agenda:

Informasjon om idrettskretsens arbeid v/ styreleiar Nils R.Sandla og organisasjonssjef Knut Songve.

Status aktivitet, utfordringar og forventingar frå

  • • Idrettslag – Askøy Handballklubb v/sportsleg leiar Hilde Daae Johannessen
  • • Idrettsråd – Gloppen idrettsråd v/styreleiar Beate Dybendal Nordvik
  • • Særkrets/region – NFF Hordaland v/styreleiar Tore-Christian Gjelsvik

Fylkeskommunens syn på situasjonen og politisk arbeid v/fylkesordførar Jon Askeland

Svar på innsendte spørsmål

 

Møtet vert gjennomført som einvegskommunikasjon, men det er mogleg å stilla spørsmål skriftleg undervegs. Spørsmål kan og sendast inn på førehand, innan fredag 15.mai på e-post til Vestland idrettskrets 

Møtet skal gjennomførast via Microsoft Teams. Dei som ikkje har dette kan opna lenka i vanleg nettlesar. 

LInk til møtet i teams HER.

- Vestland Idrettskrets, 12.mai 2020 -