OPTIMISTSEGLING

 

Askøy Seilforening har ambisjonar om å etablera ei stor og aktiv jollegruppe – og likeeins som Norges Seilforbund satsar me på Optimist som rekrutteringsjolle.

Optimist er jolla for seglarar frå 8 til 15 år. Me ynskjer at alle nybegynnarar under 13 år startar i denne klassen. Dei som er eldre, eller som ikkje kjenner seg komfortable i den vesle optimisten, kan velga RS Feva eller laser. Men pr.idag har me ikkje kapasitet for rekruttering i desse klassane.

Optimisten er delt opp i A, B, C og nybegynnarar. 1. sesongen er alle nybegynnar, og dei som ynskjer å fortsetja vil få innføring inn mot regattasegling som Optimistseglar. 

Etter ein periode utan noko aktivitet i jollegruppa, vart det hausten 2019 arrangert nybyrjarkurs – og det vart etablert ei fin gruppe med seglarar av begge gkjønn. Denne gruppa held fram våren 2020 og me  har planlagt eit nytt nybyrjarkurs med oppstart helga 21. – 23. august.  Sjå meir lenger ned på sida – og i artikkel under AKTUELT.

Me har FANTASTISKE FASILITETAR FOR JOLLESEGLING og me har disponibelt ein del optimistjoller som nybyrjarar kan få leiga.

 

TRENING:  Det er p.t. trening for optimistjolleseglarar mandagar.

REGATTA: Det er p.t. ingen regatta for jolleseglarar i regi av Askøy Seilforening. 

RESSURSPERSONAR: Me treng fleire ressurspersonar som ynskjer å delta i arbeidet med å sikra rekruttering til seglsporten. Kanskje det er akkurat deg me er på jakt etter? 

 

KONTAKT:

  • • Styremedlem SPORT: Trond Nesman Berntsen, tlf. 916 92 881 eller e-post
  • • Gruppeleder JOLLE: Terje Askvik, e-post

 

SEGLING FOR BORN & UNGE, – OG FORELDRA SIN MEDVERKNAD:

 

Segling for born krev ein del medverknad frå foreldra si side.

I tillegg til å frakta dei unge håpefulle til og frå trening, så bidreg foreldra til bemanning av sikringsbåtar, hjelper til med utsetting av joller, avvikling av regatta og andre sosiale arrangement.

 

NYBEGYNNARKURS i segling for born – hausten 2020

 

Me inviterer til NYBEGYNNARKURS i optimist segling for born i alderen 9 til 12 år, hausten 2020. Sjølve KURSET vert halde 21. – 23. august på seilsportsenteret.

KURSET består av ei innleiande kurshelg, med påfylgjande treningar ein dag i veka utover hausten. Båttypen vil vera Optimistjolle, med opplæring etter Norges Seilforbund sitt opplæringsprogram “Peiling på seiling”. 

  • •  Stad: Askøy Seilsportsenter
  • •  Aldersgruppe: 9 – 12 år (borna må vera symjedyktige)
  • •  Kurshelg: 21. – 23. august 2020
  • •  Fredag 21.august, kl.18:00 – 20:00: Informasjonsmøte for foreldre
  • •  Laurdag 22. og sundag 23.august, kl.12:00 – 15.00: Nybegynnarkurs
  • •  Trening kvar mandag, veke 35 – 42 
  •  

Det er ei forutsetning at forelder/føresett er tilstades under kurset og treningane – og at desse helper til med rigging/utsetting og bemanning av fylgjebåtar.

 

  • •  Kursavgift: Kr. 1.000,-  (VIPPS #118866)

  • •  Kursavgifta inkluderer fylgjande:

  • •  Nybegynnarkurs (kurshelg)

  • •  Seglskule kvar mandag ut sesongen 2020

  • •  Medlemskap i Askøy Seilforening ut 2020

  • •  Fri tilgang til jolle ut sesongen

  • •  Bok “seil optimistjolle – Din første bok om seiling”

  •  

For ytterlegare informasjon og påmelding kontakt:

Trond N.Berntsen, tlf. 916 92 881 eller Terje Askvik, tlf 474 13 980

 

 

 

Bilder fra trening & regatta

OPTIMISTSEGLING I ASKØY SEILFORENING 

 

Treningsreglar;

 

  1. Møt ferdig påkledd med flytevest m/fløyte – og ver ferdig rigga og klar til kl....
  2. Sikkerhetspunkta på båten skal vera sjekka før sjøsetting.
  3. Alle seglarar skal ha ein føresett på land eller i fylgjebåt.
  4. Foreldre/føresette skal og ha på flytevest på sjøen, og gjerne på kaia.
  5. Foreldre/føresette spør trenarane om å hjelpa til. Nokre gonger sender foreldrekontakt ut e-post med arbeidsfordeling på førehand.
  6. Ha med skriftetøy, handklede og seglklede etter forholda.

 

 

PRISAR pr. 2020:

 

  • Nybegynnarkurs – helg                               kr. 1.000,- pr.person (kr.850,- for sysken)
  • Medlemskap i Askøy Seilforening              kr.  650,- pr.år for juniormedlemskap 

                                                                      kr. 2.200,- for familiemedlemskap

 

Treningsavgift                                              kr. 1.000,-  pr.sesong

Leige av Optimistjolle                                 kr. 1.000,- (kun mogleg for 1.sesong)

Leige av båtplass for privat jolle                kr.    250,- pr.sesong

 

 

“Segling er moro”