Rapport fra Askøy Rundt

Askøy Rundt vel i hamn

Den 47. utgåva av Askøy Rundt vart arrangert helga 16-17 august. Også denne gongen må regattaen kunna kallast ein suksess, sjølv om talet på deltakarar har gått kraftig ned dei siste åra. I år var 37 båtar påmeldt, ned frå ca 50 dei to føregåande åra. Dette er likevel framleis den største regattaen på vestlandet. Og for dei som deltok, vart dei ei fin seglehelg, både for dei 12 turbåtane og for dei som kniva om heider og pokalar.

Det var lite vind laurdag; det vesle som var kom frå nord, og minka av utover dagen. Turklassen vart avkorta ved Askeneset, og sjølv om dei andre klassane vart tekne i mål før dei runda Herdla, så var det tre båtar i den minste klassen som ikkje greidde ta seg i mål før siste rest av vind forsvann om kvelden.

Det var ikkje noko arrangement på Herdla laurdagskvelden, anna enn at det var bord og benker på kaien, og grillane var tent. Og så var det trekning av 20 gåvebrev frå regattasponsor Seilmaker Iversen. Seglarane kosa seg i godværet og praten gjekk livleg rundt borda til langt på kveld.

Søndag var det fin vind, også den frå nord, så det vart spinnakersegling frå start til mål, bortsett frå under den korte kryssen frå Storegrunnen til Jona. Varmt og fint var det også, så det vart ein flott seglas søretter Hjeltefjorden til målgang ved Ramsøy.

 

Askøyseglarane gjorde det bra resultatmessig, med dobbelsiger både i den største NOR-ratingklassen og i klassen for doublehanded. Den største NOR-ratingklassen vart vunnen av «Himlaleite» med Erlend Hellebust som rormann, på andre plass kom Håvard Dale i «Sval» og på tredje «Aquasense» med Jan Vidar Nordstrand ved roret. Den minste NOR-rating-klassen vart vunnen av «Hegren» og Aleksander Vågsholm, på andre kom «Levens» og Villy Forland, og på tredje «Olgato» og Børre Jensen. I doublehandedklassen gjekk sigeren til «Asterix» med Håvard Espeseth og Frode Tveranger Haugland om bord, medan «Shiraz» med Gordon Wright og Gry Hunstad, og «Mathilda» med Bjørn Rundhovde og Arne Øi kom på dei to neste plassane. Magne Aalen i «Cremulen» var aleine i ein klasse for singelhanded og tok sigeren utan konkurranse.

Premieutdelinga vil gå føre seg under eit arrangement hos Seilmaker Iversen på Frekhaug, venteleg 16. oktober.

 

Tekst: Harald Gjøsæter

Bilder: Gry Hunstad