YNGLING er ein flott båt for å læra seg å segla, samt til å vidareutvikla seg som seglar.

 

ASKØY SEILFORENING HAR BÅTAR TILGJENGELEG FOR OPPLÆRING OG AKTIV SEGLING.

I tillegg til heimesida til ASF, så nyttar Ynglinggruppa mykje facebook for kommunikasjon og meldingar om trening osv. Me har ei eige facebookgruppe, Ynglinggruppe Askøy Seilforening.

 

Om du har spørsmål eller ynskjer å segla Yngling, ta kontakt med klassekapteinen:  Mira Høstaker, tlf. 936 58 602 eller e-post

Mira Høstaker seglar aktivt yngling.

Førebels planar for 2020 sesongen (kan verta endra)

 

FEBRUAR / MARS:  TEORIKURS i ynglingsegling TORSDAGAR (obs, ikkje 20. og 27. februar grunna årsmøte og vinterferie)

MARS: Klargjera Ynglingane for sjøsetting (vedlikehald og rigging)

  • APRIL – OKTOBER:
  •   •  TRENING kvar torsdag, vår  → AVLYST, førebels fram til 15.juni pga koronasituasjonen
  •   •  TRENING kvar torsdag, haust   
  •   •  HELGEREGATTA / TRENINGSREGATTA,  ASF gjennom sesongen
  •   •  6.-7. JUNI , NM i Trondheim → AVLYST/utsett pga korona
  •   •  September, KLUBBMESTERSKAP ASF

Me treng fleire ynglingseglarar – og startar opp med TEORIKURS allereie i februar 2020!

 

FYRSTE KURSDAG VERT TORSDAG 6. FEBRUAR 2020, kl. 18.00 –20.00, på seglsportsenteret.

Det vert ulike instruktørar innan segling torsdagar utover vinteren / våren, til me har båtane på sjøen til påske. 

DETTE ER EIT KURS FOR BÅDE UNGE OG GAMLE, MED OG UTAN ERFARING, frå 14 år og oppover! Og du...teorikurset er GRATIS!

Vil du bli med oss å segla yngling etter teorikurset, då treng du berre medlemskap i Askøy Seilforening. Båt får du låna av seglforeningen og desse klargjer me saman i mars.

 

ALL AKTIVITET ER MIDLERTIDIG AVLYST april – mai, pga koronasituasjonen.

 

PÅMELDING til klassekaptein Mira på tlf. 936 58 602 eller via e-post 

 

Bli medlem i ASF.

 

Bussruter, til/frå seglsportsenteret;

  • •  BUSS 495 (Ramsøy) frå bystasjonen (haldeplass F) kl.16.38 – Storavatnet kl.16.51 – Kleppestø kl.17.03 – Askøy Seilforening kl. 17.36 (Kollevåg, friluften 5 min å gå)
  • •  BUSS 495 (Bergen busstasjon) frå Askøy Seilforening (Kollevåg, friluften 5 min å gå) kl.20.26 – Kleppestø kl.20.57 – Storavatnet kl.21.07 – bystasjonen kl.21.22

Nokre glimt frå Ynglingsegling